Lagsoga
Lagsoga PDF Skriv ut

Siglarlaget Njord Tysnes


Lagssoga

Soga til Siglarlaget Njord/Tysnes - stuttversjonen

Båtlaget Njardarlog

Båtlaget vart stifta sundag 5.mai 1935 under namnet Båtlaget Njardarlog. Det fyrste året hadde ein regatta på sjølvaste 17.mai med start kl. 12.30. Seinare på året laga ein eigne lover og hadde kurs i riggingsarbeid, kartorientering og seglreglar. Det vart óg vedteke å dela opp i ulike båtklassar etter storleiken på segla og talet på mannskap. Året etter hadde ein etablert kontakt med båtlaga nord for Tysnes om det kunne vera interessant å tevla i ein Bjørnefjordsregatta og i 1937 vart dette ein realitet. I okkupasjonsåra 1940 til 1945 stogga alt friviljug lagsarbeid opp. Sumaren 1945 vart dette arbeidet teke opp att. I dei fyrste åra etter krigen var det stor deltaking på regattaene og laget voks. I 1945 vart Bergen og Hordaland Seilersamband skipa og båtlaget var med på denne skipinga.

Nytt namn - Njord

På årsmøtet i 1950 vart det vedteke å skifta namn på laget og det nye namnet vart Båtlaget Njord. I 1963 byrja laget eit samarbeid med Milde Båtlag om å skipa til juniorseglasar. Dette fengde ungdomen og var klokt med tanke på rekrutteringsarbeid. På slutten av 60-talet kjøpte laget inn dei to Oselvarane "Nille" og "Knuppen" og dei har vore flittig i bruk sidan. Fram til 1970 var det Oselvar-sigling båtlaget hadde konsentrert seg om, men no kom det også andre båttypar i bruk. Snipe, trapez, optimist og seglbrett er båttypar som stiller ulike krav til seglarane. Frå 1971 av har båtlaget vore med i Noregs Idrettsforbund, men fyrst etter at ein hadde endra namnet til Båtlaget Njord/Tysnes, slik me kjenner det i dag. Frå 1974 då Bergen- og Hordaland Seilersamband gjekk inn og ein fekk Oselvarklubben som klasseklubb og Hordaland Seilkrets tok seg av det administrative med terminlista, har Båtlaget Njord/Tysnes vore med i seglkrinsen.

Stor aktivitet

Med desse nye båttypane i aktivitet i laget tok båtlaget på seg store oppgåver og arrangerte i 1975 NM i trapez, 1981 NM i Oselvar klasse L 8 m², Oselvar Spri NM i åra 1984, 1985, 1988, 1991 og seinast i 1996. Dei fyrste i laget som oppnådde å verta Noregsmeistrar var Øyvind Epland, som saman med mannskapet Tor Inge Malkenes, Olav Andersen og Jan Vee vann NM i klasse E, 15 m² med båten ”Japp” i 1983. Torodd Nødland vart nr. 2 med ”Bris” i same meisterskapen.

Njordstø vert innvigd

Til 50-årsjubileet for laget i 1985 kunne båtlaget innvia Njordstø. Eit naustanlegg med moderne fasilitetar som ein med rette kan vera stolt av. I 1989 byrja laget med ei vidareføring av juniorregattaen, Seglarveka. Den har sidan vore eit populært tiltak. Seglarveka, er seinare vorte delt opp i to veker, ei for alderen 8-13 år som seglar optimist-jollar, og ei for dei som er litt eldre der ein seglar Oselvar.

Kulturpris frå kommunen

I 1989 vart båtlaget heidra av Tysnes Kommune med ein Kulturpris. Same året tok båtlaget til å arrangera Prikkedagen i Våge. Båtlaget har også hatt eit godt samarbeid med ungdomsskulen i Våge med segling som valfag nokre år. Tidleg på 90-talet kjøpte båtlaget inn to Oselvarar, ”Luna” og ”Viking” i tillegg til "Knuppen" og "Nille". Desse har ein pussa opp og kjøpt moderne regattautstyr til, i tillegg har laget Oselvaren "Spretten" til rådvelde. I Noregsmeisterskapen i Oselvar Spri på Austevoll 1998 fekk Båtlaget sin andre Noregsmeister: Svein Økland vann med "Seira". Saman med mannskapet som var dottera Åshild og Tor Inge Malkenes var han best i tevling med 33 andre båtar.



PDF visnig av 50 år`s jubileums skriv. det er best å bla eit ark om gongen.

---- > Link