
Båtlaget Njord/Tysnes sin samlingsstad er Njordstø som vart innvigd i 1985. Njordstø er eit moderne seglanlegg som har treningsbanen på Bjørnefjorden like utanfor naustdøra. I samarbeid med Tysnes kommune og Øykjaskåro Vel har båtlaget laga til friluftsområde med sitjegrupper og badestrand i tilknyting til anlegget. Denne delen av anlegget vart opna ved jonsokfeiringa 1998. Festsalen oppe kan leigast samt at småbåtar kan leiga båtplass på vinterstid nede i naustet. Njordstø har Bjødnafjorden i umiddelbar nærleik med svært gode segltilhøve.
Kva finst i Njordstø?
Oppe:
Toalett tilrettelagd for rullestolbrukarar, 2 garderobar med dusj, , varmekablar, vask og toalett. Overhead, tavle, tv/video, bord, stolar, sofagrupper, lagerrom. Kjøkkenkrok med kjøleskap, komfyr, vask, kaffitraktarar, servise og kokekar. Kontor med pc, skanner, printer og arkiv for båtlaget.
Nede:
Naustdel med elektrisk spel for opphal av båtar, løypekatt i taket og stabelsystem for vinterlagring av båtar, båtvogner, lagringsplass for utstyr, uttak for spyleslange og elektrisk straum.
Utomhus:
24 meter betongflytebryggje, 12 meter treflytebryggje, trekai, rampe for sjøsetjing av optimistjoller, oppdrag med tilkomst for bil, badestrand, friluftsområde med sitjegrupper, grill og parkering.
Det er fullt mulig å leige anlegget til alle anledninger, sjå underutleige, der du finn nærare informasjon