Utleige Njordstø PDF Skriv ut

Njordstø ligg sentralt berre 500 m frå sentum, men er skjerma frå folk og trafikk, ligg idylisk til ved sjøen, det er stor uteplass på kai, me har to store Grilltønner til store arrangement og bord og benker med plass til 50 - 60 personar.


Det er fritt fram for både privatpersonar eller andre lag å leiga Njorstø. Njordstø høver godt som festsal for opptil 30-45 personar.
Prisen for å leiga Njordstø er 1000 kr. for ei helg (kl. 12.00 fredag til kl. 12.00 sundag) og ein har då tilgang på festsal med inventar, uteområde, kjøken, 2 garderobar og 4 toalett.

Ein kan også leiga Njordstø til dagsleige på kr. 500,- me er godt utstyrt for å halda konferansar eller kurs / møter, for bruk av konferanseutsyr tek me eit tillegg på kr. 100,-

 

For tinging, kontrakt og utlevering av nøklar

Kontakt

Olav Andersen på tlf: 93003754 eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Bileteframsyning av sal og uteområde -- > Link

 

Reglar for leigetakar av Njordstø.

Leigetakar er ansvarleg for alt inventar i Njordstø, og for det som går føre seg i Njordstø under arrangementet. Leigetakar er ansvarleg for alle skader på hus, inventar som måtte oppstå under arr. eller på grunn av det. Dette inkluderer båtar og utstyr i og ved naustet.

Dersom ikkje anna er avtalt med Båtlaget Njord Tysnes, skal fylgjande gjelda for leigetakar:

  1. Ved arr. slutt skal ansvarleg leigetakar syta for at huset er sikra mot brann og at dører og vindauga er sikra mot innbrot.
  2. Innan neste dag kl. 12.00 skal huset vera rydda og alt golvareal samt kjøken og toalett skal vera vaska, alle bord og stolar skal reingjerast dersom det er naudsynt.
  3. Alt som er brukt av bestikk og kjerald samt anna kjøkenutstyr skal vera reingjort.
  4. Alt av restar av mat og anna skal fjernast frå huset, boss skal vera fjerna.
  5. Varmen skal stillast på 10 grader dersom det er kaldare ute, elles skal alle varme slåast heilt av.
  6. Dersom noko av punkta frå 1 – 5 ikkje vert følgde vil båtlaget krevja ekstra leige for det meirarbeidet det medfører å setja huset i stand.
  7. Siglarlaget N T kan ta punkt 2 og 3 mot eit gebyr på kr. 300,-
  8. Representant for utleigar og leigetakar skal før og etter leigeforholdet kontrollere at huset er i den stand som avtalt.