Velkomen til Siglarlaget Njord Tysnes

DSCN0606.JPG
 

Været i Våge

Yr - varsel eksternt
Jubileumsfest PDF

Laurdag 14. august klokka 20. 00 inviterer Siglarlaget Njord/ Tysnes til jubileumsfest i ungdomshuset i Våge. I 75 år har me sigla og vore sosiale, og no er det på tide å markera det. Me vonar du vil vera med oss!

For skarve kr 350.- får du sjølvsagt god mat, men og utdeling av statuettar til dei som fortener noko ekstra, talar og ikkje minst levande musikk ut over kvelden. Me skal kosa oss.

Me har fått skjenkeløyve til arrangementet så ynskjer du noko godt i glaset kjøper ein det i baren.

Du kan melde deg på til

Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa eller ring til Lars 415 30 992

Me ber deg betala på førehand 3525 40 54133

 

 
Kunngjeringar NM oselvar 14. og 15. august 2010 PDF

Det er på tide å førebu seg på Noregsmeisterskapen for oselvar 2010. Det fyrste me no legg ut er kunngjeringane for arrangementet. Trykk på les meir, så vil du finne det du treng.

Les meir…
 
Presidenten kjem! PDF

plPresidenten i Norges Seilforbund Peter L. Larsen vitjar Tysnes og Siglarlaget Njord/ Tysnes i samband med NM for oselvar og markeringa av laget sitt 75 årsjubileum. Presidenten vil vera tilstades både på fjorden som tilskodar, på jubileumsfesten og ved premieutdelinga på sundag 15. august.

Siglarlaget tok i mot meldinga om dette besøket med stor glede og me er stolte over at presidenten vel å vitja vårt vetle Siglarlag.

Det er nok samanfallet av mange jubileum som gjorde utslaget. Forutan at Siglarlaget er 75 år i år arrangerer me det 30 Noregsmeisterskapet for oselvar, Njordstø er 25 år og oselvarklubben er 65 år. Ein skal ikkje sjå vekk frå at valet av oselvaren som Noreg sin nasjonalbåt påverka denne avgjera.

Me ynskjer Presidenten hjarteleg velkommen til Tysnes, til Siglarlaget Njord/ Tysnes og til NM i oselvar 14. og 15. august 2010.

 

 
Resultat sommarregatta 26. og 27. juni 2010 PDF

Laurdag 26. Juni vart det sigla regatta på "pølsebane". Banen vart lagt ut i området mellom Ratholmen og Rundaskjæret.

Det vart sigla 4 løp i vind som kom frå vest / nordvest. To av løpa vart avkorta etter ein runde.

 

Sundag 27. Juni starta ein eit løp på faste merke. Startpremie vart vunnen av 18 Berserk med Jan Vee som rormann.

 

I alt deltok sju båtar, kor berre ein var utabygds (Austevoll SF).

Av resultatlista kan det sjå ut som om det var to vitjande båtar, men det er nok berre medlemskapet til rormannen som er utabygds.

 

Resultat sommarregatta 2010

 
Jubileumsåret 2010! PDF

2010 vert eit stort jubileumsår for Siglarlaget. Fyrst og fremst er det heile 75 årsidan laget vart stifta. Det er 25 år sidan Njordstø stod ferdig, det vil sei sidan naustet stod ferdig. Me har og fått æra av å arrangera det 30. Noregsmeisterskapet for oselvar. Sist me arrangerte NM var attende i 2001

Dette har me tenkt å markera.

Det er valgt både jubileumskomite og NM- komite. Det var svært positi

Siglarlaget Njord/ Tysnes.

vt å sjå at dei som vart spurte gjerne ville delta i dette arbeidet. Me ser fram til ein spanande sesong. Nærare program vil kome om ikkje så lenge.

Dei som sit i komiteane er:

 

75 Års Jubileumskomite:

Morten Epland

Birgitt Nødland

Synnøve Halvorsen

Elin Flatråker

Åshild Økland

Kristin Gjerstad

Lars Grøteide.

 

NM Komitee

Lars Grøteide

Kjell Totland ( Milde Båtlag er medarrangør)

Olav Andersen

Kjell Magnus Økland

Torbjørn Meland


 

 
«StartFørre12NesteSiste»

 

Sponsorar

Tysnes Sparebank

er hovudsposor for

"Siglarlaget Njord Tysnes"


Hovudsponsor for NM Oselvar er:

Tysnes Kraftlag.

 

 

  Tysnes Kommune gjer

økonomisk støtte til

N M Oselvar.